HEIM IGJEN
No har du sjansen til å bli med i årets HEIM IGJEN!
I veke 51 fulldistribuerer me HEIM IGJEN til Stord, Fitjar, Bømlo og Austevoll. Opplaget er på heile 16.000.
Magasinet vil bestå av content-saker frå ulike bedrifter rundt i regionen vår, i tillegg til eksklusivt innhald for å gi magasinet høg leseverdi. Bla i fjorårets magasin her: https://www.e-pages.dk/agderpostenmagasiner/2084856555/
Me vil også publisera saka di på vår eiga Heim igjen-side, som me vil sørga for at blir godt marknadsført. Besøk sida her: https://www.pmvest-heimigjen.no/
HEIM IGJEN blir distribuert med lokalavisa følgjande datoar:
- Marsteinen - 19. desember
- Sunnhordland - 20. desember
- Bømlo-nytt - 21. desember
KONSEPTET:
Mange nyutdanna og andre unge er ikkje klar over kva jobbmoglegheiter som finst i regionen vår - og me veit at bedrifter har utfordringar med å få tak i dei rette folka. Moglegheitene er svært mange for dei som ynskjer å etablera seg her.
I magasinet ynskjer me å visa fram eit stort mangfald av bedrifter - og formidla at Sunnhordland er ein god plass å bu og veksa opp i.
OM DISTRIBUSJON:
Sidan målgruppa hovudsakleg er unge vaksne i utdannings- og etablerarfasen, ynskjer me å laga eit magasin som vil vera både i digital og fysisk form.
For å nå målgruppa har me sett utgivelsesdato rundt juletider - for å treffa dei unge heime på juleferie.
Av erfaring veit me at magasinet vil liggja rundt i dei tusen heimar i jula, og bli lese av både målgruppa og andre sekundærmålgrupper (foreldre, besteforeldre og andre som påverkar).
For å treffa heile sunnhordlandsregionen vil magasinet bli fulldistribuert med lokalavisene Sunnhordland, Bømlo-nytt og Marsteinen.
Ein når difor kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Austevoll.
PAKKEPRISAR:
Pakke 1:
- Dobbeltside i magasinet
- Content Pemium
Kr 29.990,-
Premium inkluderer 1200 ord, inntil 20 bilete, kort video og presentasjon av sak i Premium Vev-mal. Sjå eksempel her.
Pakke 2:
- Dobbeltside i magasinet
- Content Standard
Kr 24.990,-
Standard inkluderer 700 ord, inntil 5 bilete og presentasjon av sak i Standard Vev-mal. Sjå eksempel her.
Blir du med i årets magasin?
Kontakt din medierådgivar her!