Bestill annonse i vår sjølvbetjente teneste TORG. Pris frå kr 100.

Vilkår TORG
Vilkår for bruk av tenesta «Torg» mellom brukar og Sunnmørsposten. Ved å akseptere denne avtaleteksten godtar du vilkåra skisserte for deg som brukar av tenesta. Avtalen omfattar bruk av bilde og tekst i annonsane som blir laga i tenesta.Torg er ei teneste retta mot privatmarknaden.

Innhald:
Det er brukar sjølv som bestemmer innhald i sine annonsar, men brukar må følgje normal skikk og sedvane. Innhaldet i annonsar og helsingar kan ikkje bryte med norsk lov og sedvane.

Bilde: 
Annonsar skal ikkje innehalde bilde som brukar ikkje har rettigheiter til, og brukar må vere sikker på at avbilda personar er innforstått og einige i slik bruk. Bilde skal vere av det som skal seljast/kjøpast/leigast/utførast. Bilde av logo/firmanamn vert ikkje akseptert.

Bedrift/enkelmannsføretak:
Bedrifter/enkelmannsføretak kan berre annonsere under kategorien «Arbeid». Om seljar er ei bedrift eller ikkje, er viktig informasjon for våre brukarar. Det er andre lovar og reglar som gjeld ved kjøp frå bedrift enn frå privatperson (kjøpslova). Firmanamnet bør stå i annonseteksten. Bilde av logo/firmanamn vert ikkje akseptert.

Annonsar som høyrer heime andre stadar:
Tenestene skal ikkje brukast for ordinære kunngjerings- og bedriftsannonsar som til dømes omhandlar, stilling ledig, profileringsannonsar, møte, anbod, berre kjøp og sal av varer frå utsalsstad og nettstad eller annonsering retta mot bedriftsmarknad. Slike skal sendast til annonse@smp.no.

Bestillingsfrist: Bestillingsfrist for annonsar til TORG er kl. 10 virkedagen før innrykk. Merk at det kan vere avvik på fristar ved høgtids- eller andre raude dagar.

Betaling: Vi tilbyr betaling med Visa og Mastercard via Payex. Meirverdiavgifta er inkludert i betalinga di og vil ikkje bli belasta utover opplyst pris. Det er ingen abonnementsforhold som fører til gjentatte betalingar/trekk. Når betalinga er gjennomført, vil du få ei ordrestadfesting til di oppgitte e-postadresse.

Angrerett: Du har angrerett så sant bookinga di ikkje er publisert digitalt eller i papiravis. På denne måten kan vi stoppe innlegget ditt før det blir publisert. Så snart innlegget er publisert første gong, digitalt og/eller i papiravis, er vara å sjå på som levert.

Reklamasjon: Ved ønske om reklamasjon i samband med feilaktig leveranse, har vi mulegheit til å booke inn annonsen din til eit seinare tidspunkt eller refundere beløpet du har betalt.

Brot på retningslinjer: Ved misbruk eller brot på desse retningslinjene kan avisa slette, avpublisere eller nekte publisering. Brukar vil få høve til å rette opp innhaldet, men har ikkje rett til refusjon av eventuelt betalt beløp. Avisa hevdar også retten til å gjere korrigeringar i tekst og justering av bilde.Avisa har rett til å bruke bilde og tekst i annonsar og på avisas nett- og papirprodukt. Innhaldet vil ikkje bli brukt til andre formål enn det som er naturleg i forhold til den tenesta brukar nyttar seg av.

For ytterlegare spørsmål, ta kontakt med annonseavdelinga per telefon  70 12 00 00 eller e-post torg@pmnv.no. Vi ber om at du har referansenummeret tilgjengeleg ved kontakt -  dette finn du i ordrestadfestinga di.