Beskrivelse
Nordre er lokalavisa for industri-, jordbruks- og kulturkommunane Haram og Sandøy på nordre Sunnmøre. I området bur det omlag 11 000 menneske. Avisa har kontor i Brattvåg i Haram kommune.
I 2013 endra avisa namn frå Haramsnytt til Nordre. Haramsnytt blei etablert i 1971.
Papirutgåva av Nordre kjem ut torsdagar. Nettavisa nordrenett.no blir oppdatert kvar dag. Her finn ein også elektronisk versjon av papirutgåva, e-avisa.
Vi har som mål å gi ei god og brei dekning av aktuelle nyhendesaker, kulturstoff, sport og næringslivssaker. Vidare skal Nordre vere den naturlege oppslagstavla for lag, organisasjonar, privatpersonar og andre arrangørar og annonsørar i dekningsområdet.
20-93
Alder
50%
Menn
50%
Kvinner